Kløyvde underleppa i fotballkamp

Agnar Melkersen gløymer aldri besøket hjå dokter Haugen. (Foto: Kristian Hus)

Den tidlegare Trio-keeperen Agnar Melkersen minnest enno godt ein sommarkveld tidleg på 1970-talet, då han vart køyrd til dokter Haugen under ein fotballkamp mot Rosendal sitt A-lag. Det hadde kome ein høg ball inn mot målet der Agnar stod, og som han kasta seg etter i kjent stil. Men ein motspelar ville òg ha tak i ballen på same tid, og samanstøyten var uunngåeleg; Agnar fekk eit kne midt i ansiktet, og underleppa blei kløyvd. Det såg stygt ut der han låg, så han blei køyrd til Haugen i all hast.

Den tidlegare Trio-målmannen fortel i boka om dokter Haugen at han kom ut på trappa i slåbrok etter at dei hadde ringt på døra hans fleire gonger. Med kløyvd og opphovna underleppe seier det seg sjølv at Agnar blødde mykje, i tillegg til smertene.

Heldigvis var det ukjent for Agnar at Haugen ikkje hadde særleg medkjensle med ungdommar, som kom med sjølvpåført skade på grunn av fotballspel. Men dokteren nølte likevel ikkje; han handla raskt som vanleg og gjorde seg klar til å sy den skadde underleppa.

Først blei pasienten plassert på ein stol attmed kontorpulten, men der svikta lampen som skulle gje arbeidslys, så Agnar blei i staden flytta bort til vindauga. Der fekk dokteren nok lys til å sy, etter som det var ein fin sommarkveld dette bar til.

– Eg spurde om han skulle bedøva meg først, fortel Agnar, som var litt engsteleg for å få behandling utan noko form for smertestillande.

– Nei, det er vel ikke nødvendig. Vil De ha fire eller fem sting? svara dokteren og sette i gang. Utan bedøving blei det eitt stikk mindre, meinte Haugen, og så pass måtte då ein fotballspelar kunna tola.

Ikkje lenge etterpå blei Agnar sendt på dør med gjensydd og godt bandasjert underleppe.

– Farvel, var det siste han høyrde frå dokteren.

Men problema stoppa ikkje der; for etter eit par dagar var det gått betennelse i såret og Agnar måtte oppsøkja dokter Zanday på Husnes. Han tykte leppa såg stygg ut, og tok affære med ein gang. Først blei stinga fjerna og deretter vart materien i såret kneppt ut. Den påfølgjande antibiotika-kuren medverka til at Trio-keeperen snart kunne spela fotball igjen.

Agnar minnest ikkje i dag kven som vann kampen på grusbanen i Rosendal denne kvelden, og heller ikkje kven som vart sett inn som keeper etter det brutale møtet med kneet til ein motspelar. Derimot gløymer han ikkje opplevinga på dokterkontoret. Dessutan kan han enno kjenna og sjå litt av arret på underleppa, som dokter Haugen sydde. Utan bedøving!

 
20190801-DSCF6452.jpg

Meir om Dokter Haugen

Du kan lesa mange andre historiar i boka om dokter Haugen, som er å få kjøpt i fleire forretningar rundt om i Kvinnherad. Du kan òg tinga boka på nett.

 
Forrige
Forrige

Store mengder pollen

Neste
Neste

Debatt med bismak