Kjekke minne etter dokter Haugen

Peder Ljosnes (89) hadde ein personleg og nær kontakt med dokter Haugen. (Foto: Kristian Hus)

Peder Ljosnes (f. 1930) hadde ein personleg og nær kontakt med dokter Haugen. Grunnlaget vart lagt gjennom Peder sitt yrke som bilmekanikar. Han byrja ved Hauge Slip og Mekaniske (seinare Hauge Auto AS) i Sandvika i Omvikdalen i 1954. Dette var den faste verkstaden til Haugen, og dei sytte for tilsyn med køyretøya hans, og for reparasjonar når det var nødvendig. I boka Dokter Haugen fortel Peder om denne tida.

– Han var den beste kunden vi hadde, og han heldt ein mann med arbeid heile tida, fortel Ljosnes om kundeforholdet med den folkekjære distriktslegen.

Haugen hadde ein Ford V8, og til denne hadde han ein reservemotor. Den eine stod alltid inne på verkstaden og måtte vera nyoverhalt og klar til bruk til ei kvar tid. Når motoren i bilen han brukte havarerte, måtte han skiftast, og det måtte skje på stunda. Den travle legen var avhengig av å ha bil klar til bruk.

I 1951 kjøpte Haugen ein Opel Kaptein, for han hadde kome til at han måtte ha ein bil stasjonert på Hatlestrand òg. Etter at lensmann Malmanger døydde, overtok Haugen ein Mercedes 180 etter han. Det var ein 1954-modell, som lensmannen hadde hatt eit par år. Dermed hadde dokteren to bilar på fastlandssida. Forden kalla han for vinterbilen, for han hadde høge hjul og gjekk nokså langt i høg snø.

Køyrde på bakkane

Peder minnest ein vinterdag då det var kome mykje snø, og vinterbilen stod på Hauge. Han fekk telefon frå Haugen, som måtte ha vinterbilen til Rosendal. I «kanalen» som var på vegen ved Lundsbakkane på den tida, var det svært høgt med snø. Peder kunne ikkje koma gjennom der, men det var frosen mark så han køyrde nedom vegen på bakkane. Då han kom til Haugen med bilen, fekk han spørsmålet:

– Var det ikke sperret på veien?

– Jau, men gamle Forden gjekk på bakken, den, fortalde Peder.

– Det var kjekt, svara dokteren, og bad Peder Ljosnes inn på middag.

Haugen skulle på legebesøk i ytre luten, og etter at dei hadde ete middag, fekk Peder sitja på med han til Hauge Auto, medan legen fortsette vidare utover.

I boka fortel Peder Ljosnes òg om då han måtte hjelpa til med gipsing då tanta hans hadde brekt armen: Det var litt seint om kvelden og han køyrde henne til legekontoret i Rosendal. Haugen festa pasienten godt til benken, og Peder skulle slita i fingrane for å få retta ut armen, medan Haugen sveiva på med duk og gips. Det gjekk unna, og heile rommet trong vask etterpå, fortel Peder.

Du kan lesa meir om boka her

Forrige
Forrige

Opplevde solnedgangen frå 5000 fot

Neste
Neste

Kyrkjegardsboka er klar