Fartøyhistorie i bokform

Kjøparane av boka kan gle seg til å lesa. (Foto: Øyvind Særsten).

Festsalen i Halsnøy kulturhus var nesten fullsett onsdag kveld, då boka «Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023» vart presentert. Folk frå store delar av kommunen var møtt fram, og mange nytta høvet til å sikra seg ei bok, enten til seg sjølv eller som gåve til andre.

Før det oppsette programmet tok til, vart det sagt minneord etterfølgt av eitt minutts stille stund for Nils Magne Kloster, som døydde to dagar før. Han var ein av drivkreftene bak det omfattande bokprosjektet, både som medlem i styringsgruppa og i Lionsklubben.

Allsidig program

Shantykoret, eit populært kor på øya for mange år sidan, hadde tørka støv av både notearka og seg sjølve, underheldt med song i fleire bolkar. Johannes G. Eide tok for seg den maritime historien for Halsnøy og bygdene ikring. To av dei som er omtala i boka, Hannemor Kristensen og Arild Benjaminson, fortalde interessante og spennande historier etter mange år som fiskarar på ulike fartøy.

Arild Engelsen frå Tønsberg, som i mange år har registrert og katalogisert kring 500 motoriserte fartøy i området, var òg til stades denne kvelden og fekk takk og blom for den store innsatsen sin. Hans omfattande arbeid la grunnlaget for boka. Elles las Judith Tofte Handeland diktet «Sunnhordland» av Ragnvald Vaage, medan Gerhard Eide, også han medlem av boknemnda, leia arrangementet.

Kjøp

Her i Kvinnherad er boka til sals hjå SPAR Sæbøvik, Fjelberg landhandel, Rosendal Bok og Norli Husnes. Du kan òg kjøpa boka via denne nettsida (porto kjem i tillegg).

Sentrale personar på boksleppet, frå venstre: Hannemor Kristensen, Arild Benjaminson og Arild Engelsen. (Foto: Øyvind Særsten).

Forrige
Forrige

Modige kvinner i Kvinnhersminne

Neste
Neste

Politisk samarbeidsavtale: Vil byggja helsehus på Husnes