Politisk samarbeidsavtale: Vil byggja helsehus på Husnes

Ord

Sentrum eller ein annan stad, er framleis eit ope spørsmål. (Arkivfoto).

Fleirtalet i det nye Kvinnherad kommunestyre; Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre, har lagt fram ein samarbeidsavtale for neste periode. Der går dei blant anna inn for at dei vil byggja eit nytt helsehus på Husnes.

Dei vil også ha ei eiga prosjektgruppe, som inkluderer politikarar og brukarar. Husnestunet vil bli oppgradert i eige prosjekt, går det fram av samarbeidsavtalen mellom dei fire partia, som altså no har fleirtalet i kommunestyret.

Stadval

Samarbeidspartia har ikkje sagt noko om stadvalet for eit nytt helsehus på Husnes, sjølv om kommunestyret tidlegare har vedteke at det skal byggjast på ei kommunal tomt bak Panorama/Coop. Men det er kjent at ikkje alle er like begeistra for denne plasseringa. Til dømes lanserte Høgre i noverande kommunestyre for ei tid tilbake ein idé om å vurdera området nær noverande helsesenter og Undarheim skule. Partiet støtta likevel vedtaket om byggjing på den kommunale tomta i sentrum.

I punktet om helse og omsorg i samarbeidsdokumentet går partia elles inn for at Halsnøy og Hatlestrand helsesenter skal oppretthaldast. Dei vil òg starta eit prosjekt for samlokalisering av helsetenester i Rosendal. Dessutan er partia samde om å finna eit passande lokale for den offentlege helsetenesta i Rosendal omgåande.

Husnestunet vil bli oppgradert i eige prosjekt, heiter det.

Vegard Bjørnevik (H) frå Høylandsbygd blir ordførar i det nye kommunestyret, medan Thea Vaage (Ap) frå Sunde blir varaordførar i 50 % stilling.

Forrige
Forrige

Fartøyhistorie i bokform

Neste
Neste

Vonde, men likevel fine minne