Vonde, men likevel fine minne


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Otto Blokhus har mange minne frå møte med dokter Haugen.

– Det er vel ingen av oss godt vaksne som ikkje hugsar denne mannen. Eg har mange minne som sit djupt i meg, seier Otto, og han nemner to tilfelle som gjorde særleg sterkt inntrykk på han.

Bror hans hadde skarlagensfeber. Det var veldig alvorleg med høg feber og feberfantasiar. Dei var fortvila, og Otto hugsar det som einaste gongen han såg far sin gråta.

– Då kom den fantastiske omsorga Haugen viste, godt med. Kvar einaste dag kom han innom medan sjukdommen var på sitt verste.

Broren vart sendt til Haugesund sjukehus, og det var andre tider også når det galdt ambulanseteneste i dei dagar. Han vart plassert i ei open korg som dei brukte og plassert på ein lastebil. Med den vart han køyrd til Sunde, og så gjekk transporten vidare med båt til Haugesund.

Men den omsorgsfulle dokter Haugen hadde ikkje gløymt pasienten sin. Han viste omsut også etterpå og spurde: «hvordan går det med gutten?».

Forrige
Forrige

Politisk samarbeidsavtale: Vil byggja helsehus på Husnes

Neste
Neste

Inga trøyst å få hjå dokter Haugen