Inga trøyst å få hjå dokter Haugen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


På slutten av 1950-talet vart to trebruer over Oksareelva rett innafor Betongvare i Sandviklia rivne. Elva delte seg knapt 100 meter ovanfor vegen, men dei murte då igjen det eine elveløpet slik at vatnet vart samla i ei elv. Johannes Naterstad var med på dette arbeidet, og då dei var ferdige å støypa brukar til den nye brua, måtte dei plastra slik at vassmassane ikkje skulle undergrava brukara.

Til plastringa måtte dei bruka stor stein, og for at steinen skulle liggja stødig måtte den hoggast til. Heile dagar med steinhogging resulterte i at Johannes fekk senebetennelse i høgre handledd, og han oppsøkte derfor Haugen for å få hjelp.

– Hvor jobber du? ville Haugen vita, og Johannes fortalde at han arbeidde på brua i Sandvika.

– Da har dere det jo fint, så da kan du bare fortsette, var svaret. Det vart ikkje snakk om noko sjukemelding.

Johannes seier at han ofte har tenkt på denne historia.

– Du veit, det var ikkje så mange bilar som passerte oss på den tida, og dokteren hadde nok sett at vi retta ryggen når han fòr forbi, avsluttar Naterstad dette minnet.

Forrige
Forrige

Vonde, men likevel fine minne

Neste
Neste

Kommunevalet – eit dilemma