Skipsbyggjing frå gammal tid til notid

Johs. G. Eide avduka minnesmerket om Halsnøybåten i 2008. (Foto: Kristian Hus)

Johs. G. Eide avduka minnesmerket om Halsnøybåten i 2008. (Foto: Kristian Hus)

Torsdag 16. oktober blir det føredrag i Høylandsbygd bedehus, der Johs. G. Eide skal fortelja om båtbyggjing og skipsbyggjing frå gammal tid og til notid. Det vil òg bli utstilling av Eide si unike samling av modellbåtar.
 
Det kan vanskeleg finnast ein meir sentral plass for båt- og skipsbyggingssenter enn på Halsnøy. Øya har gammal busetnad, og det finst det mange prov på. Det var her Magnus Erlingsson hadde kongsgarden sin, og her var det Augustinarmunkane bygde klosteret i høgmellomalderen. Leidangskipet – som høyrde til i kongen sitt sjøforsvar gjennom skipsreideordninga – stod i naust ved Skarvasteinane, like utanfor klostergarden. På denne øya finn ein bautaer og vikinggraver, og funnet av Halsnøybåten frå yngre jernalder set dette øysamfunnet inn i den europeiske kultursoga.

Halsnøymeistrane reiste òg rundt som ambulerande skipsbyggingsmeistrar og bygde der høvet baud seg og der oppdragsgjevarane heldt materialar, like frå Hoggansvik i sør til Romsdalen i nord. Ein del av skutene vart ikkje berre bygde på Halsnøy, men også drivne herifrå, og øya utvikla slik ein eigen sjømannsstand.

Også i vår tid har skipsbygginga halde fram, rett nok med stål som byggjematerialar. Verksemdene har teke steget inn i oljealderen, og båtar har sin base her med heile verda som arbeidsfelt. Det er viktig å kjenna og ta vare på historia i farne tider, meiner Johs. G. Eide. Gjennom hans føredrag vil vi få innblikk i både kulturhistorie og samfunnsutvikling.

 

Grethe Brundtland
Kvinnherad Senioruniversitet