Innsamlingsrekord i Kvinnherad

Ord
Rektor Morten Vevatne er klar for start, medan leiar av Frivilligsentralen Anniken Kjeka tek seg ein ørliten pust i bakken før aksjonsstart. Sokneprest Jan Ove Totland studerer ruta han skal gå saman med rodeleiar på Husnes, Liesje Croles. (Foto: Ma…

Rektor Morten Vevatne er klar for start, medan leiar av Frivilligsentralen Anniken Kjeka tek seg ein ørliten pust i bakken før aksjonsstart. Sokneprest Jan Ove Totland studerer ruta han skal gå saman med rodeleiar på Husnes, Liesje Croles. (Foto: Magne Fitjar)

Kvinnheringane gav i gjennomsnitt 54,44 kroner kvar til årets innsamlingsaksjon og totalt blei det samla inn over 720.000 kroner her i kommunen. Det er rekord.

– Resultatet plasserer Kvinnherad godt opp på stammen av innsamlingstreet i Hordaland, der vi har greidd å gå forbi dei to andre store industrikommunane Odda og Stord, seier Magne Fitjar, distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp i Sunnhordland.

Han meiner dette alt i alt er storveges for prosjekta til Kirkens Nødhjelp, som har godt planlagde vass- og sanitærprosjekt som pengane skal gå til. Derfor kan vi rekna med ein ganske rask effekt av dette storslegne bidraget til ei betre verd, påpeikar Fitjar.

Årets TV-aksjon «Vann forandrer alt» gjekk til inntekt for Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å skaffa varig tilgang til reint vatn for éin million menneske. Klokka halv ni måndag morgon var det eksakte talet på innsamla kroner i Kvinnherad kommune kr 720.362,74.

FRAMSIDEBILETET:

Spreke TV-aksjonistar ventar på å få tildelt rutene sine, Leif Thuland (til venstre) og Tore Sæbø. (Foto: Magne Fitjar)

Forrige
Forrige

Godt ferievêr

Neste
Neste

NM-medalje nr 30 til Kirsten Melkevik