Positiv trafikkutvikling ved flyplassen
Den positive trafikkutviklinga ved Stord lufthamn held fram og talet på reisande er stadig aukande.
Ved utgongen av september hadde det reist 27.818 personar over lufthamna. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 6.556 personar, eller 30,8 prosent.
På grunn av stor etterspurdnad etter flysete på Osloruta sette flyselskapet i september opp ein ekstra rundtur på søndagar.
Kværner Stord har no ute eit anbod på charterflyging frå Stord til Molde i samband med Ormen Lange-prosjektet på Aukra. Flyginga startar opp i desember i år og vil truleg halda fram i om lag eitt år.
Lufthamnadministrasjonen har som mål å nå 37.000 reisande over lufthamna i 2014.