Båtbruk og båtbyggjing gjennom 200 år
Sunnhordland Årbok 2014 vart presentert på ei tilstelling på Stord tysdag. Årboka ber tittelen «Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år», og er eit flott bidrag til å setja lys på den rike tradisjonen som Sunnhordland har kring ferdsle på sjø, båtbruk og båtbyggjing fleire hundre år attende i tid.
Kvinnheringen Sjur Tjelmeland har vore redaktør for årboka, som er eit samarbeids- og dugnadstiltak der mange med kunnskap om emnet har skrive tekstar.
Boka er rikt illustrert med bilete og ulike statistikkar som støttar tekstane. Kapabel Forlag har utforma og produsert boka, medan Sparebanken Vest har gitt økonomisk støtte til gjennomføringa av prosjektet.
Redaktør Tjelmeland var til stades ved lanseringa og gav eit tilbakeblikk på kva ferdsle på sjøen har hatt å seia for Sunnhordlandsbygdene gjennom år hundre. Tradisjonen er lang, og strekkjer seg frå «Halsnøybåten» datert tilbake til 400 år e. Kr., Rosendalsbygde «Gjøa» som Roald Amundsen brukte på si ferd i Nordøstpassasjen til våre dagars moderne båtar som kryssar alle hav.
I generasjonar har kunnskapen kring bygging av båtar vorte formidla gjennom praktisk erfaring. Tjelmeland fortel historia om bestemor som samla bark til spikking av leikebåtar. Om båtbyggjarbesten som lærde ungane om liner og former, for seinare få prøve dette i praksis på båtbyggjarverkstaden. Gode båtbyggjarar lærde seg kunnskapen gjennom «prøving og feiling».
Tore Lande Moe, som bidreg med fleire artiklar i årboka, skildra i sitt innlegg om båt og båtbruken frå tidleg på 1800-talet fram til i dag. Om bruken av båt til varefrakt og transport av buskap, potetfart frå bygdene til byen, ulik bruk av kyrkjebåten fram til oppblomstringa av fritidsbåtar. Kva store førekomstar av sild fekk å seia for båtbygginga i distriktet. Krava til større båtar til fiske og frakting, og etablering av sildoljefabrikk fram til skipsindustri på Kjøtteinen.
I Sunnhordland Årbok 2014 kan du lesa historien om båtbruk og båtbygging i Sunnhordland, og boka vil nok vera ei kjærkomen julegåve for mange.
Forutan Sjur Tjelmeland og Tore Lande Moe, bidreg Lars Nerhus, Tor Bringedal, Johannes G. Eide, Atle Tornes og Asbjørn Aasheim med tekstar.
Av Steinar Hystad