«Nytt» flyselskap i Sunnhordland

Ord
Eigen logo og eige fly.

Eigen logo og eige fly.

Danish Air Transport, flyselskapet som har trafikkert ruta Stord – Oslo sidan 2009, startar eit omfattande samarbeid med næringslivet i Sunnhordland om den svært viktige ruta. Samarbeidet får namnet Stordflyet.no og startar offisielt i dag, måndag 17. november.

– Flysambandet frå Stord er ein svært viktig del av den totale infrastrukturen. Det sikrar at det finst eit raskt og direkte samband til og frå Stord, seier adm. direktør Jesper Rungholm i Stordflyet.no/DAT. Han fortel at selskapet gjerne vil signalisera at dei tek dette ansvaret på alvor.

Difor er Stordflyet.no etablert med sitt eige tingingssystem, eiga nettside, eiga Facebook-side og sitt heilt eige fly. Det er ein ny måte å jobba med lokale flyruter på, seier Rungholm.

Forretningsideen er at DAT vil styrkja samarbeidet mellom bedrifter i Sunnhordland, gjera det enklare for dei lokale bedriftene å nytta flyruta og enklare å formidla bodskapen til kundar og brukarar.

Sunnhordland sitt eige flyselskap

– Sidan ruta starta opp i 2009, har det vore eit lokalt billettkontor på Stord lufthamn. No er vi i ein utviklande dialog med fleire interessentar og aktørar om Oslo-ruta, og vårt klare ønskje er at DAT og Stordflyet.no skal vera Sunnhordland sitt eige flyselskap, seier Jesper Rungholm.

I mars i år blei det oppretta eit brukarråd, med Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet som leiar. Ho fortel at brukarrådet gir lokalbefolkninga høve til å påverka det lokale flyselskapet for å få så gode avgangar som mogleg, både i høve til avgangstider og talet på avgangar, og best mogleg rabattordningar.

– Filosofien til Stordflyet.no/DAT er å skapa lokal forankring og ta endå større ansvar for det viktige sambandet som flyruta Stord – Oslo utgjer, seier Jesper Rungholm. Dermed treng selskapet innspel frå brukarane, og difor er brukarrådet etablert. Det fungerer som eit uavhengig talerøyr for næringslivet i Sunnhordland, for pendlarar og private.

Store forventningar

På Stord lufthamn er det stor begeistring for Danish Air Transport sitt tiltak med Stordflyet.no: 

– Vi har store forventningar til Stordflyet.no, og det er flott at DAT gjer ein innsats for å styrkja ruta mellom Stord og Oslo, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust. Med nye tilbod til privatreisande og auka frekvens, oppmodar han om at fleire brukar ruta.

Stordflyet.no gjekk på vengjene i dag måndag 17. november. Flyet som DAT har sett inn på ruta, blir tydeleg prega av dei nye tiltaka. Det er dekorert med tittelen «Stordflyet.no», så ingen treng vera i tvil om kor det høyrer heime. Dermed har sunnhordlendingane faktisk fått eit fly som dei kan kalla sitt heilt eige.

Les om den første flyturen her

Forrige
Forrige

Dag Tuastad om palestinske utfordringar

Neste
Neste

Tømmerfløyting