Venstre har nominert

Venstreleiar Kent Are Kjørsvik Petterson toppar partiet si liste ved kommunevalet neste haust.

Venstreleiar Kent Are Kjørsvik Petterson toppar partiet si liste ved kommunevalet neste haust.

Kjell Yri vil ut av politikken, men står likevel oppført på partiet si liste ved neste val.

Kjell Yri vil ut av politikken, men står likevel oppført på partiet si liste ved neste val.

Kvinnherad Venstre hadde nominasjonsmøte måndag kveld, og har ført opp leiaren i partiet, Kent Are Kjørsvik Petterson frå Husnes på førsteplass. Han er dermed partiet sin ordførarkandidat ved kommunevalet neste haust. Han er også kumulert, til liks med Anette Wangensten frå Valen.

Husnes, Sunde og Valen er sterkast representert på lista, men partiet har òg funne kandidatar både i Dimmelsvik, i Rosendal og på Løfallstrand i denne delen av kommunen.

Vi merkar oss elles at Marianne Lund Anderssen frå Husnes, som gjekk ut av politikken etter valet i 2011 no er på plass på Venstre-lista igjen. Det er også Kjell Yri frå Uskedalen, som i denne valperioden har vore partiet sin kanskje mest markerte politikar. No er han etter eige ønskje ført opp på sisteplassen på kommunevallista.

– Vi har vore i kontakt med mange som vi har vurdert som aktuelle kandidatar, men dei har sagt nei. Så det har vore ein tung prosess, seier Kjell Yri til uskedalen.no måndag kveld.

Den fullstendige lista ser slik ut etter nominasjonsmøtet:

Kent Are Kjørsvik Petterson, Husnes (kumulert)
Anette Wangensten, Valen (kumulert)
Are Blokhus, Sunde
Ragnhild Handeland, Valen
Jarle Haktorson, Herøysundet
Trude Tveitnes, Rosendal
Håvard Bakke, Dimmelsvik
Ingrid Handeland, Valen
Kristian Olav Bringedal, Uskedalen
Helga Rørvik, Husnes
Steinar Haugan, Valen
Marianne Lund Anderssen, Husnes
Halldor Tveit, Husnes
Laila Øvstebø, Husnes
Hanna Haugan Solheim, Valen
Espen R. Ertsland, Husnes
Tove R. Ertsland, Husnes
Roald Toskedal, Løfallstrand
Helene Laupsa Hefte, Valen
Anders Helvik, Herøysundet
Ellinor Hasle, Husnes
Oddvar Larsen, Valen
Heidi Irene Kjørsvik Petterson, Sunde
Annemor Ekeland, Valen
Kjell Yri, Uskedalen

Høyr lyd-intervju med toppkandidaten her

OrdKristian Huspolitikk, Venstre, val