Barndomsminne:Ein dramatisk tur på sjøen

– Dagen var fin, sola skein og det var ganske stille inne i vågen der me låg og lasta, minnest Annemor Ekeland.

– Dagen var fin, sola skein og det var ganske stille inne i vågen der me låg og lasta, minnest Annemor Ekeland.

Eg må vel ha vore 7 – 8 år då onkelen min, Einar Bjørkevoll skulle byggja seg hyttenaust. Naustdelen skulle murast opp, og spørsmålet om kvar ein kunne finna god sand melde seg.

Onkel Erling, bror til pappa, tilbaud seg å bruka sin båt til Valøya for å henta sand i ei strand der ute. Eg og Målfrid, storesystra mi på 10 år skulle sjølvsagt få vera med. Ut på dagen fylte me den vesle motorbåten med skjeppekassar og sette kursen mot Galten, vidare rundt Utøya og inn mot Johannesholmen til ei strand der.

Det tok si tid å fylla opp alle skjeppekassane med sand, og lite la me då merke til at lasta var både tung og våt. Båten låg tyngre og tyngre i vatnet. Men dagen var fin, sola skein og det var ganske stille inne i vågen der me låg og lasta. Til slutt var onklane våre nøgde, løyste fortøyningane og gjorde seg klare for heimturen – søkklasta til ripa.

– Då me runda neset kom solgangsbrisen mot oss som ein vegg.

– Då me runda neset kom solgangsbrisen mot oss som ein vegg.

Målfrid og eg sat på styrehustaket, onkel Erling styrde og onkel Einar pumpa for å få ut vatnet som fylgde med sanden opp i kassane. Eg hugsa endåtil at han bretta buksa si opp på leggen. Etter kvart vart pumpinga meir intens og me jentene forstod snart at onklane våre var i ferd med å bli urolege for ferda vidare heim.

Det vart brått slutt på spøk og latter. Då me runda neset kom solgangsbrisen mot oss som ein vegg, det var nok dette dei hadde oppdaga. Den var skikkeleg hissig, såg me, som den kan vera i Høylandssundet, men i dag var det ekstra ille.

No vart det ikkje berre pumpa; onkel Erling treiv ei bøtte og prøvde å få ut like mykje sjø som det kom inn i båten, utan å lukkast.

Heiv sanden over bord

Då me passerte Galten for andre gong, no på veg heim, heldt det på å bli dramatisk i båten. Onkel Einar starta med å tøma sandkassane på sjøen, medan onkel Erling prøvde som best han kunne å halda båten opp mot dei store bølgjene som kom inn sundet. På same tid leita han hektisk etter noko Målfrid og eg kunne flyta på, i fall båten gjekk ned. Eg trur me fekk kvar vår åre.

No var me midtfjords, og snu kunne me absolutt ikkje gjera. Det kjentes som ei evighet. Men til slutt fekk onkel Einar kvelva så mykje sand på sjøen at båten flaut høgare på sjøen – utan å søkkja.

Det gjekk bra, takka vere ein motor som hadde bestemt seg for å halda seg i gang til dess me kom oss velberga heim. Først då stogga han med lydar som om den var utsliten. Og trass i den dramatiske båtturen, tok ikkje Målfrid og eg skrekken, så me vart med på fleire båtturar med onkel Erling etter dette.

Annemor Ekeland