«Divers night» på Husnes
Torsdag kveld presis klokka 20.14 hoppa sju dykkarar frå Kvinnherad Undervannsklubb i sjøen ved Bogsneskaien på Husnes, som deltakarar i det internasjonale «Divers night»-arrangementet. Det føregår på same tid verda over.
– Divers night er noko så enkelt og ukomplisert som å få flest mogleg dykkarar over heile verda i vatnet på same tid; klokka 20.14, fortel Kristian A. Karlsen i dykkarklubben til Skimtvis.net.
Sju av totalt 11 medlemmer som stilte opp i mørkret på Bogsnes denne kvelden deltok i dykket, som føregjekk over heile verda på same tidspunkt. Dei fire andre medlemmene var stand by-mannskap på land, også ei viktig oppgåve.
– Det blei eit flott dykk, der vi fekk sett mykje spennande dyreliv i løpet av dei 60 minuttane vi var uti, fortel Karlsen. Sikten i sjøen var grei og temperaturen var +12 grader C. Den maksimale djupna var 20 meter.
Undervannsklubben hadde med seg båten sin; "Stinger", som er rigga med flaumlys, og som plukka deltakarane opp igjen etter ein time i det internasjonale synkrondykket utanfor Bogsneskaien.
Desse deltok i dykket:
Kristian A. Karlsen, Per Arne Leirvik, Bjørn Kenneth Andreassen, Jan Arthur Kalsås, Robert Tungesvik, Kim Arne Helle og Espen Soldal.