Fint julevêr i sikte!

Er det dette vi kan sjå fram til i juledagane? (Arkivfoto: Arne Gjerde)

Er det dette vi kan sjå fram til i juledagane? (Arkivfoto: Arne Gjerde)

Etter veker med vind og regn, mykje lyn og torden, er det oppløftande å sjå på vêrmeldingane for julafta og dei påfølgjande juledagane.  

Både yr.no og storm.no melder om strålande klarvêr både julafta og 1. juledag. Også dagane seinare i veka ser vêret ut til å bli bra, bortsett frå laurdag, då kan det bli regn igjen. 

Vi får håpa det er forbigåande.

Med klarvêret i sikte blir det truleg òg litt lågare temperatur. Det er sannsynleg at vi får smaka på kuldegradene.

For oppdateringar av vêrprognosane viser vi til www.yr.no og www.storm.no.

Av Thor Inge Døssland

uskedalen.no

OrdKristian Husjol, vêr