2. juledag med dans i Uskedalen

Ord
Musical Enterprise fotografert framfor orkesterbussen i stordomstida til orkesteret.

Musical Enterprise fotografert framfor orkesterbussen i stordomstida til orkesteret.

For mange år sidan var det fast tradisjon med dans i Helgheim på 2. juledag, minnest Thor Inge Døssland i Uskedalen. Dette var ein av dei store dansedagane i året, skriv han i ein artikkel. Då var det alltid smekkfullt hus, og sidan mange av dei som var reist ut feira jula heime, var det ein flott mulighet til å treffa desse.

Det var i det store og heile stor aktivitet i ungdomshuset i romjula. Tredjedagen var det julefest med alt som høyrde til for barna, og 5. juledag var det dei vaksne sin julefest. Nyttårsafta var det fest med program først, deretter matøkt og så dans til langt uti dei små timar til slutt.

Elles i året var det òg svært ofte dans i ungdomshuset. Stort sett var det laurdagar det føregjekk, men 2. påskedag var òg ein svært populær dansedag. Då fyltest Helgheim med solbrune, danseglade ungdommar frå heile kommunen.

Forrige
Forrige

Tilbodskaos

Neste
Neste

Førstedagstur til Nordfjell