«Landskamp» på skeiser for 50 år sidan

Opsangersvatnet på vinterstid kallar fram mange gode minne. (Illustrasjonsfoto: Lars Martin Teigen).

Opsangersvatnet på vinterstid kallar fram mange gode minne. (Illustrasjonsfoto: Lars Martin Teigen).

Det fine vintervêret får fram mange gode minne frå gamle, gode dagar. I januar er det 50 år sidan det vart utkjempa ein «landskamp» på skeiser mellom realskulen på Sunde og realskulen i Rosendal på Opsangervatnet. 

Og elevane frå Husnes realskule, som det heitte, var knusande overlegne. Lars Jostein Rørvik vann både 500 m og 1000 m, som var dei to distansane. 

Den einaste eleven frå realskulen i Rosendal som hevda seg mellom dei 6 – 7 beste, var Jarle Prestnes. Han hadde «forvilla» seg til Rosendal på skule. 

500 meter på 53,9 sekund!

Av andre sterke skeiserennarar, som det heitte i Norsk Barneblad, frå ytre luten, var Jostein Eikeland, Olav Teigen, Åge Gjerde og Jan Kaldestad. Alle desse plukka mange poeng i «landskampen». Lars Jostein si vinnartid på 500 m var 53,9 sek. 

Men eg må peika på at det må ha vore noko feil med uttaket til denne skeisekampen. Sjølv gjekk eg på Husnes realskule på denne tida, men kom ikkje med på laget. Med godt treningsgrunnlag frå både Skitnamyro og Helvikvatnet ville eg ha banka alle desse ned i støvlane!

Vinnartida til Lars Jostein på 500 m (53,9) hadde elles ikkje halde til siger 3 – 4 år seinare då ein ny generasjon skeiserennarar gjekk på Husnes realskule. Men me blei alle amatørar då proffløparen Larsen kom til bygda…

Tor Bringedal

Husnes med Opsangervatnet før industrireisinga var i gang på 1960-talet.

Husnes med Opsangervatnet før industrireisinga var i gang på 1960-talet.