Vegen mot sør

– Den beste traseen for Kvinnherad mot sør er over Sydnes/Utbjoa, meinte interessegruppa på Halsnøy.

– Den beste traseen for Kvinnherad mot sør er over Sydnes/Utbjoa, meinte interessegruppa på Halsnøy.

Kvinnheringar flest har i mange år vore opptekne og engasjerte i samferdslespørsmål og spesielt tenlege kommunikasjonar til og frå kommunen. I debattane har det til dømes vore sterke meiningar om ferjestøet skulle vera på Sunde eller Ranavik etter at Halsnøytunnelen vart opna i 2008, ein debatt som no berre tidvis blussar opp att i liten grad.
Det har òg vore diskusjonar om kva som er den raskaste vegen mellom Kvinnherad og Haugesund; over Ranavik/Stord, om Utåker/Skånevik eller om Sydnes – Utbjoa. Dette biletet viser eit kart som ei interessegruppe på Halsnøy la fram kring 2007, og som skulle fortelja reisande kva trasé dei meinte var den beste. "32 km kortare veg til Haugesund med ferjesambandet Sydnes – Utbjoa", står det å lesa på plakaten.

I dag har denne debatten stilna av, og trafikantane har vel etter kvart funne sine eigne vegar! Men til neste år er det kommuneval igjen og då plar partia koma med sine utspel. Og då kan vi sjå fram til nye debattar.

Forrige
Forrige

Jakttid

Neste
Neste

Teater for barn i Husnes kyrkje