Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

«Åt gebiss – trudde det var krabbe»!

– Krabbe er god mat, slo Anders Sjursen frå Sunde fast i ein reportasje i Kvinnheringen i oktober 1974. Han blei aldri lei av det, fortalte han til avisa sin medarbeidar som fekk vera med på fisket. Sjursen fortalde også ei nokså sterk historie om ein som åt eit gebiss i staden for krabbe.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

Norsk meister i bogeskyting

Vi finn heile tida mykje kjekt når vi ser gjennom gamle biletarkiv og eksterne harddiskar. Her er eit døme på det. Dagens bilete er frå 1975, då Gunnvor Grønningen frå Husnes blei noregsmeister i bogeskyting under eit stemne i Oslo.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

Vegvest i Matre

Vi mimrar og ser stadig vekk bakover i gamle biletarkiv. I dag har vi stoppa opp i Skavdalsvingen, «nyevegen» mellom Omvikdalen og Matre. Den offisielle opninga på den fine rasteplassen 12. mai 2007 vart ein stor folkefest.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

«Mellombels» ferjestad i over 20 år

Frå 1. mai 2003 vart ferjene mellom Kvinnherad og Stord flytta frå Leirvik til Skjersholmane, etter sterke protestar frå både reisande og politikarar. Mange prøvde å få vedtaket omgjort. Ein politisk delegasjon frå begge kommunane reiste i april same året til Oslo for å ha møte med Samferdsledepartementet, Vegdirektoratet og Statens vegvesen.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

– Fabrikkpipa står i hundre år til!

Det er mykje interessant ein kjem over når ein søkjer i gamle biletarkiv, og her kjem eit nytt bidrag i Skimtvis si historieforteljing: Den gamle fabrikkpipa på Sunde, bygd i 1890. Opprinneleg var pipa på hermetikkfabrikken 28 meter høg, men ho er seinare blitt redusert fleire gonger, og i dag måler ho 22 meter, ifølgje ein artikkel i Kvinnheringen.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

Gamle bilete fram i dagen

Etter eit langt liv som mediamann både på papir og på nett, har eg mange tusen bilete arkivert på ulike stader. Mange motiv, frå 1973 og framover finst i Kvinnheringen sitt rikhaldige arkiv. Men etter at dataalderen gjorde sitt inntog, blei det slutt på papirbileta – og alt blei lagra digitalt. No vil eg dela noko av det eg trur kan ha ålmenn interesse med dykk som les denne nettstaden.

Les mer
Historiske bilete, Ord Kristian Hus Historiske bilete, Ord Kristian Hus

Honnør for Jonas Lie

Det er mangt ein kjem over når ein ryddar i gamle arkiv, og i skuffer og skap. Dette biletet er eit døme på det. Det viser speidarar på Husnes, som la på krans på støtta over diktaren Jonas Lie. I mange år var dette ein tradisjon om morgonen på 17. mai.

Les mer
Historiske bilete Kristian Hus Historiske bilete Kristian Hus

Gratis gjennom Halsnøytunnelen

Torsdag 5. september 2019 er ein gla’dag for bilistar, som sidan mars 2008, på sjølve Kvinnedagen har måtta betala bompengar for å køyra gjennom Halsnøytunnelen. No overtek staten bompengelånet på ca 120 mill kroner, og det blir gratis for den enkelte.

Les mer