Nostalgi

Ein kan finna mykje kjekt når ein tek seg tid til å rydda i kjellarar og på loft. Det er desse to 17. mai-plakatane eit godt døme på.
Plakatane vart nyleg funne i eit gammalt hus på Opsanger, på ein «lur» stad mellom taket og gamle berebjelkar i kjellaren. Herman Gravdal teikna begge plakatane, og no har etterkomarane sett glas og ramme på og hengt dei opp på veggen i stova.

Mat og underhaldning i bedehuset for kr 1,50 høyrest lite ut i dag, men kanskje mykje pengar for 66 år sidan. Elles merkar vi oss at det vart sett opp bilar for born frå kyrkja til Friheim.