«Åt gebiss – trudde det var krabbe»!

Anders Sjursen kunne få oppi 10 krabbar i ei teine. (Foto: Ivar Vaage/Kvinnheringen)

– Krabbe er god mat, slo Anders Sjursen frå Sunde fast i ein reportasje i Kvinnheringen i oktober 1974. Han blei aldri lei av det, fortalte han til avisa sin medarbeidar som fekk vera med på fisket. Sjursen fortalde også ei nokså sterk historie om ein som åt eit gebiss i staden for krabbe.

Historia handla om nokre karar som sat og knuste krabbe ein laurdagskveld, med noko godt drikkande i glasa sine. Brått byrja ein av dei å banna og sverja over kor hard ein krabbe var. Det viste seg at han hadde teke gebisset, som ein av dei hine hadde lagt ifrå seg på bordet, knust det og sat og saug på tannstubbane!

Anders Sjursen fortalte i reportasjen at det ikkje var noko latmannsliv å vera krabbefiskar. Han hadde om lag 80 teiner ståande ute på «andre sida av fjorden ein stad», som skulle trekkjast og agnast kvar einaste dag. Så storparten av tida hans gjekk med til dette arbeidet. Det var òg ein kunst å kjenna dei beste teigane der teinene kunne stå.

10 krabbar i ei teine

– Krabbe er det mange stader, fortalte Sjursen, men kvaliteten er ikkje like bra alltid, noko som truleg hadde med beita å gjera, meinte han. Huglo, Fjelberg og Ålfjorden er kjent for god krabbe, sa Sjursen. Han kunne få oppi 10 krabbar i ei teine. Dagen før Kvinnheringen fekk vera med på tur, hadde han fått 60 krabbar i dei siste fire teinene, fortalte han. Då er det verkeleg moro å trekkja teiner.

Sjursen hadde også funne opp ein ny teinepatent dette året. I staden for dei gamle trespilene i opninga på teina, brukte han nylontau. Det virka slik at same kor stor krabben var, så kom han seg alltid inn, medan det var heilt uråd å koma seg ut igjen.

– Ein krabbe er som ein forundringspakke, fortalte krabbefiskaren, du kan aldri vita heilt sikkert kva som er inni før du opnar han. Ein gong hadde Sjursen vore på torget i Bergen og selt krabbe for fem kroner per stykk. Så kom ei fin bergensfrue, mykje for fin til å bli lurt, og skulle ha krabbe.

Eg valte ut nokre gode krabbar til henne, men nei. «Kan jeg ikke heller få den», sa dama og peikte på ein stor vasskrabbe. «Jau, her kan du få nett kva du vil», svara eg.

Vasskrabbe

Så plukka ho seg ut fem store vasskrabbar, men eg tenkte at dette var no for gale, og ville gje henne ein fin krabbe på kjøpet. Men nei, den ville ho ikkje ha, han var alt for liten tykte ho. Då sa eg til henne at når du opnar dei vil du nok vera meir glad for denne eine enn for dei fem andre til saman.

Korleis det enda, fortel ikkje reportasjen i Kvinnheringen noko om. Men på turen avisa fekk vera med på kom dei til lands med 150 krabbar i båten, og endå hadde dei ikkje nådd over alt.

Anders Sjursen døydde i 1984 berre 65 år gammal.

Har du ei god historie og eit kjekt bilete, så send det til kristian@skimtvis.no, så legg vi det ut både her og på Facebook.

Faksimile frå Kvinnheringen.


Forrige
Forrige

Fødselsflekken

Neste
Neste

Norsk meister i bogeskyting