Fødselsflekken


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


(Illustrasjonsfoto)

(Illustrasjonsfoto)

Sølvi Ulvenes vart fødd med ein raud flekk på eine sida av baken, på storleik med ein gammaldags femøring. Haugen meinte den burde fjernast, men mora ville ikkje vera med på å gjera det på den nyfødde ungen.

– Jo, men den skjemmer, sa dokteren, nøyen som han var – og kanskje litt forfengeleg.

Mora brydde seg ikkje om det. Ho tenkte at dette var jo heilt unødvendig, for trusa ville skjula flekken.

Det høyrer med til historia at flekken seinare forsvann av seg sjølv.

Forrige
Forrige

Blue Monday

Neste
Neste

«Åt gebiss – trudde det var krabbe»!