Blue Monday

Tore Hartvik Kristensen spelte munnspel i Blue Monday. Hans Tore Hansen på bassgitar. (Fotoeigar: Tore Hartvik Kristensen)

Det er no tre månader sidan boka om pop- og rockeband i Kvinnherad kom på marknaden, og det måtte jo før eller seinare dukka opp nokre feil. Dei første dette gjekk ut over var «Blue Monday» – bluesbandet med Tore Hartvik Kristensen, Stein Haugen, Stig Klette og Tormod Kayser. Dei debuterte for Husnes Jazzklubb i 1994, og heldt det gåande til tusenårsskiftet. Dei gjorde til og med eit come-back i 2007.

Etter eitt år med øving, debuterte bandet på eit arrangement på Husnes i jazzklubben sin regi påskeafta 1994. Dei definerte musikkstilen sin som «blå tonar» inspirert av blues, jazzinspirert musikk, sør-amerikanske rytmer og reggae.

Dei spela ein del coverlåtar, men også nokre som Tore Hartvik Kristensen hadde laga. Då var sjangeren prega av det rå og intense munnspelet til Tore, som briljerte frå femtitalets Chicago-blues, til dåtidas storbyblues.

Lang erfaring

Alle i gruppa hadde lang erfaring frå andre band. Men i dette tilfellet debuterte Stein Haugen på bass.

Våren 1995 og 1996 opptredde dei under Roots-festivalen i Rosendal. Då kom også Knut Reiersrud til bygda, og den tidlegare medmusikanten til Tore Hartvik Kristensen heiv seg med i bandet. Dei spela for det meste i Kvinnherad, men hadde òg oppdrag over heile Sør-Norge.

I november 2007 hadde gruppa ein come-back konsert på Snikkeriet i Rosendal.

Skimtvis forlag seier seg leie for at dette bandet ikkje kom med i boka.

Lars Jostein og Kristian


Forrige
Forrige

Travel med sprøyta

Neste
Neste

Fødselsflekken