Travel med sprøyta


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


hyttalo-souza-a1p0Z7RSkL8-unsplash.jpg

Sølvi Ulvenes hugsar også ei anna hending, som viser kor travelt dokteren alltid hadde det. Ho var om lag seks år, og eine bror hennar var sjuk. Ho meiner det var øyrebetennelse og Haugen skulle gje guten ei sprøyte for å få slutt på plagene.

Ho hugsar at han fylte sprøyta med noko kvitt stoff, og for at han skulle få lufta ut av sprøyta, heldt han sprøytespissen skrått opp. Trykket på sprøyta kom kjapt og var nok litt for hardt i farten. Sølvi hugsar at det kvitaktige og litt seige stoffet fòr opp og landa på glasdøra på eit fint skap.

Forrige
Forrige

– Kollo masse katt!

Neste
Neste

Blue Monday