– Kollo masse katt!

james-sutton-dQ5G0h7sLno-unsplash.jpg

Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


I barndommen budde Anne Solfrid Malmanger i same hus som besteforeldra sine. Ho fortel at bestemora låg sjuk i 12 år, og i alle desse åra vart ho pleidd heime. Det gav naturleg nok god kontakt med dokter Haugen. 

Anne Solfrid fortel at frå ho var 7–8 år var det ofte hennar oppgåve å gå til dokteren og henta medisin og utstyr når ho hadde fri frå skulen. Særleg godt hugsar ho nokre store rullar med noko vatt som ho henta. Dei virka nok ekstra store for den vesle jenta.

– Eg hugsar at dokteren skyssa meg ut døra og sa «farvel».

Ein gong hadde han vore på heimebesøk hjå dei, slik han var jamleg, og då hadde han nok lagt merke til at dei hadde så mange kattar. Mange av dei hadde møtt han på trappa. Ei stund etter var Anne Solfrid i det faste ærendet sitt til doktergarden, og Haugen spurde henne då om kor mange kattar dei hadde. Ho svara at dei hadde 18, som om det var den naturlegaste ting i verda.

– Kollo masse katt, svara Haugen, og det svaret har Anne Solfrid alltid hugsa seinare.

Forrige
Forrige

Gåvepremie

Neste
Neste

Travel med sprøyta