Norsk meister i bogeskyting

Aktive damer i Kvinnherad Bueskytterklubb (frå venstre): Solveig Ersland, Inger Dyngen og noregsmeister Gunnvor Grønningen. (Foto: Kvinnheringen).

Vi finn heile tida mykje kjekt når vi ser gjennom gamle biletarkiv og eksterne harddiskar. Her er eit døme på det. Dagens bilete er frå 1975, då Gunnvor Grønningen frå Husnes blei noregsmeister i bogeskyting under eit stemne i Oslo. Ho representerte Kvinnherad Bueskytterklubb, og deltok saman med fleire andre herifrå i meisterskapen.

Då den ferske noregsmeisteren kom heim på måndagen vart ho teken godt imot, og endåtil hylla på ein verdig måte av kommunen, skreiv Kvinnheringen sin meldar frå arrangementet på Husnes Motel. Husnes Musikklag, klubbvener og ein heil del andre interesserte tilskodarar var møtt fram til samkoma. Der fekk ho både blomar frå bogeskyttarklubben og gåve frå kommunen.

Ungdoms- og idrettsleiar Jan A. Meyer sa i helsingstalen sin at det var godt gjort av eit lag, som berre hadde eksistert i eitt år å få fram ein noregsmeister i denne idrettsgreina. Han håpte at når Gunnvor Grønningen blei hylla på denne måten, så var det òg innført ein ny praksis i kommunen; at komande noregsmeistrar vart hylla på same måte. Det måtte vera ein hyggeleg praksis, sa ungdoms- og idrettsleiaren.

Han håpte også at idretten i Kvinnherad etter dette meisterskapet tok eit stort steg framover. I så fall har vi mykje å takka Gunnvor Grønningen for, sa Meyer.

God PR

Faksimile frå Kvinnheringen.

Hans Reiersen, medlem i bogeskyttarklubben, sa at dei var stolte over å ha Grønningen som medlem. Han var også glad for at ein noregsmeister frå Husnes var god PR for Kvinnherad. Også mannen til Gunnvor, Haktor Grønningen, var aktiv i bogeskyttarmiljøet i Kvinnherad på denne tida, og det meinte Reiersen var eit stort «pre». Det er viktig at også ektefeller har same interessa, for då får vi eit enda betre miljø i klubben, skreiv Kvinnheringen sin redaktør frå arrangementet på dåverande Husnes Motell.

Send oss bilete

Dersom du som lesar ønskjer å bidra med historiske bilete, kan vi tilby deg plass til publisering her på nettsida. Vi legg òg ut ei tilvising på Facebook. Send bilete og litt forklarande tekst på epost til kristian@skimtvis.no


Forrige
Forrige

«Åt gebiss – trudde det var krabbe»!

Neste
Neste

Urinprøve