Urinprøve


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


yasin-aribuga-Cl_yqSjCeuo-unsplash.jpg

Sølvi Ulvenes fortel om ein gong far hennar var til Haugen for ei undersøking. Dokteren ville ha ein urinprøve og gav han eit glas til føremålet.

– Vann i det glasset, sa Haugen.

Pasienten visste at dette ikkje alltid var så enkelt på kommando. I tillegg var han noko av ein skøyar. Derfor tok han glaset bort til vasken og fylte det med vatn.

– Tiss i det! var den klare beskjeden han då fekk.

Forrige
Forrige

Norsk meister i bogeskyting

Neste
Neste

Vegvest i Matre