Vegvest i Matre

Over 500 menneske var møtt fram til folkefesten.

Vi mimrar og ser stadig vekk bakover i gamle biletarkiv. I dag har vi stoppa opp i Skavdalsvingen, «nyevegen» mellom Omvikdalen og Matre. Den offisielle opninga på den fine rasteplassen 12. mai 2007 vart ein stor folkefest for alle som var der. Strålande vårvêr, godt program og gratis grillmat, kaffi og kaker, gjorde sitt til at over 500 menneske møtte fram.

Kvinnherad-ordførar Bjarne Berge (frå venstre), vegsjef Ole Chr. Torpp, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Magne Heimvik frå Sunnhordland Kraftlag.

– Det er nesten slik at 17. mai bleiknar litt, sa ein av dei frammøtte til Kvinnheringen.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg klipte snora saman med blant andre dåverande Kvinnherad-ordførar Bjarne Berge. Fylkesordføraren hylla samarbeidet mellom dei ulike aktørane som hadde vore med på vegprosjektet.

Fylkeskommunen betalte alt

Folkefesten sette punktum for eit anlegg til 20 millionar kroner, alt betalt av Hordaland fylkeskommune. Sunnhordland Kraftlag forskotterte halvparten av kostnaden i fire år.

Fylkesordføraren trekte fram at gode vegar og kommunikasjonar er sjølve livsnerva i mange bygdesamfunn. Når SKL gjekk i gang med den siste kraftutbygginga i Matrefjella, fekk kommunen og Hordaland fylkeskommune ein gylden sjanse til å få gjort noko med dei dårlege vegane.

Forrige
Forrige

Urinprøve

Neste
Neste

Motorsykkel og briller