Gamle bilete fram i dagen

Etter eit langt liv som mediamann både på papir og på nett, har eg mange tusen bilete arkivert på ulike stader. Mange motiv, frå 1973 og framover finst i Kvinnheringen sitt rikhaldige arkiv. Men etter at eg var slutta i avisa og dataalderen for lengst hadde gjort sitt inntog, blei det slutt på papirbileta – og alt blei lagra digitalt.

Bilete som i dag ligg på harddiskar her og der, er til lita nytte, og blir som oftast gløymde etter kvart som tida går. Etter nokre år vil dei òg vera borte for alltid, når opphavsmannen òg er borte. Det er litt dumt å tenkja på, når vi veit at mange motiv kan ha kulturhistorisk verdi. Difor vil eg i tida som kjem dela noko av det eg trur kan ha ålmenn interesse med dykk som les Skimtvis.no.

Send bilete til oss

Om du som lesar er i same situasjon, og ikkje veit kva du skal gjera med alt du har, kan vi tilby deg plass til publisering her på nettsida. Send bilete og litt forklarande tekst på epost til kristian@skimtvis.no

Eg startar denne serien med eit bilete frå tida mi i Rosendal Turnlag på 1960-talet, frå ein treningskveld i gamle Turnhallen. Gutane på biletet er (frå venstre): Tor Storegjærde, Åge Skåluren, Sigmund Hjelmeland, Karl Olav Guddal, ukjend, Kåre Eik og Sigurd Vikøren. Bjarne Klette er instruktør/vektløftar.

Biletet er tidlegare publisert i boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år» (utgjeven i 2020).

Vel møtt til fleire dykk i biletarkivet!

Kristian

Forrige
Forrige

– Fabrikkpipa står i hundre år til!

Neste
Neste

Folgefonna blir borte hver dag