– Fabrikkpipa står i hundre år til!

Fabrikkpipa på Sunde vart bygt i 1890.

Det er mykje interessant ein kjem over når ein søkjer i gamle biletarkiv, og her kjem eit nytt bidrag i Skimtvis si historieforteljing: Den gamle fabrikkpipa på Sunde, bygd i 1890.

Opprinneleg var pipa på hermetikkfabrikken 28 meter høg, men ho er seinare blitt redusert fleire gonger, og i dag måler ho 22 meter, ifølgje ein artikkel i Kvinnheringen.

Pipa har engasjert både bygdefolk og politikarar i ei årrekkje, og mange har vore redde for at ho ein dag ville gå i bakken. Ho er ein fare for nærmiljøet, har det blant anna vore sagt. Det er blitt utarbeidd fleire rapportar om tilstanden til pipa, og i 2012 hamna ho på bordet til forvaltningsstyret.

Til møtet låg det føre ein tilstandsrapport frå ingeniørfirmaet Johannes Sørlie AS. Der vart det konkludert med at pipa var i god stand og at det ikkje var fare for at ho skulle ramla ned. Det vart endåtil sagt at fabrikkpipa ville stå i 100 år til, sa dei for tolv år sidan.

Eit samrøystes forvaltningsstyre slutta seg til dette.

Send oss ditt bilete!

Har du gamle bilete som kan vera interessante for Skimtvis sine lesarar? Send i så fall bidraget ditt med litt forklarande tekst på epost til kristian@skimtvis.no

Bilete som i dag ligg på harddiskar her og der, er til lita nytte, og blir som oftast gløymde etter kvart som tida går. Etter nokre år vil dei òg vera borte for alltid, når opphavsmannen òg er borte. Det er litt dumt å tenkja på, når vi veit at mange motiv kan ha kulturhistorisk verdi. Difor har vi no begynt å dela noko av det vi trur kan ha ålmenn interesse med dykk som les denne nettstaden.

Følg oss gjerne vidare! Arkivet er fullt av gamle minne. Vil du kommentera denne saka, så gjer det i ruta nedanfor.

Forrige
Forrige

Døydde brått

Neste
Neste

Gamle bilete fram i dagen