Døydde brått


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Far til Otto Blokhus døydde brått. Hjarta svikta, og han stupte då han var med og bar ein tung omn under flyttearbeid. Haugen kom til, og det var han som måtte formidla det triste som hadde skjedd til mor til Otto.

– Det var ikkje noko sorggruppe den gongen, nei, seier Otto Blokhus om det triste minnet, dokter Haugen hadde denne oppgåva òg. Ingen kunne formidla noko så trist og vondt betre med ord enn han.  

sander-weeteling-MwER7ydWpIE-unsplash.jpg
Forrige
Forrige

Lars Jostein i SunnhordlandPodden

Neste
Neste

– Fabrikkpipa står i hundre år til!