Lars Jostein i SunnhordlandPodden

Lars Jostein Rørvik på forfattartreffet i Husnes Storsenter før jul. På biletet elles: Richard Strømsnes (t.v.) og Sveinung Grønstøl

Musikaren og skribenten Lars Jostein har levd eit interessant og allsidig liv i meir enn 75 år. Det fortel han om i eit intervju i SunnhordlandPodden. Vi får høyra om ein kjekk oppvekst i Røyrvik og om korleis han på 1960-talet vart musikar, då han kom med i The Tempers. Før det var han med i Husnes Mannskor, som også far hans hadde ei lang fartstid i. Vi får òg høyra om eit langt yrkesliv på SØRAL.

Utanom musikkinteressa er Lars Jostein også historisk interessert og har skrive mange bøker, blant anna som redaktør for Kvinnherad sogelag. I intervjuet fortel han også om bestefar sin, Jens Røsland frå Sunde, som var med i motstandsrørsla i Sunnhordland under siste verdskrig.

I haust skreiv Røyrvik boka «Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år», som er utgjeven på Skimtvis forlag. No skriv han om kyrkjene på Husnes og Halsnøy, som har jubileum i år. Når den boka er ferdig, vil han trappa ned skrivinga, seier han i «podden».

Høyr SunnhordlandPodden her.

Forrige
Forrige

«Mellombels» ferjestad i over 20 år

Neste
Neste

Døydde brått