«Mellombels» ferjestad i over 20 år

Kvinnheringar på ferjemøte i Oslo i 2003 (frå venstre): Bjarne Berge, Otto Benjaminson, ordførar Aksel Kloster, Magnhild Furdal (varaordførar på Stord) og Arne Hauge frå Ferjeaksjonen på Halsnøy. (Foto: Kvinnheringen).

Frå 1. mai 2003 vart ferjene mellom Kvinnherad og Stord flytta frå Leirvik til Skjersholmane, etter sterke protestar frå både reisande og politikarar. På Halsnøy vart det endåtil sett i gang ein ferjeaksjon, som prøvde å få vedtaket omgjort. Ein politisk delegasjon frå begge kommunane reiste i april same året til Oslo for å ha møte med Samferdsledepartementet, Vegdirektoratet og Statens vegvesen. Men dei fekk ingen lovnader etter vedtaket om å flytta ferja.

Politikarane frå Kvinnherad og Stord viste i møtet til dei negative verknadene som ei endring av ferjeomlegginga ville føra til. Dei krov også at ordninga med tre ferjer mellom dei to kommunane skulle halda fram, i alle fall i eitt år til.

Men dei talte for døve øyre. Dei statlege representantane stod på vedtaket om at ferja skulle gå til og frå Skjersholmane frå 1. mai 2003, og at det ikkje var pengar til å finansiera tre ferjer.

Under eit folkemøte på Halsnøy i september 2002 sa ein representant frå Hordaland vegkontor at Skjersholmane skulle nyttast inntil Stord hadde fått eit nytt ferjestø. Det ville innebera at den mellombelse løysinga ville vara i 5 – 10 år.

Det er no snart 21 år sidan Skjersholmane vart «mellombels» ferjestad for reisande til og frå Kvinnherad. Skal tru om det blir nye 20 år?

Send oss ditt bilete!

Har du gamle bilete som kan vera interessante for Skimtvis sine lesarar? Send i så fall bidraget ditt med litt forklarande tekst på epost til kristian@skimtvis.no

Følg oss gjerne vidare! Arkivet er fullt av gamle minne.

Vil du kommentera denne saka, så gjer det i ruta nedanfor.

Forrige
Forrige

Motorsykkel og briller

Neste
Neste

Lars Jostein i SunnhordlandPodden