Første flyet i Uskedalen

Sjøfly i Uskedalen i 1931.

Sjøfly i Uskedalen i 1931.

I serien om doktor Haugen på nettstaden uskedalen.no er det blant anna fortalt om første gongene eit sjøfly vart brukt til sjuketransport frå Kvinnherad. Ifølgje nettstaden var første gongen truleg på slutten av 1950-åra, men det kan ha vore tidlegare òg.  

I alle fall var den første sjøflylandinga i Uskedalen mykje tidlegare. Det skjedde i Beinavikjo i 1931, og er dokumentert gjennom dette biletet.

Flyet tilhøyrde Marinens Flyvevesen og var av typen Hansa-Brandenburg W.33. Flyet var i aktiv teneste frå 6. mai 1929  til 21. november 1933.

– Er det nokon som har fleire opplysningar om flyet og denne hendinga? spør Thor Inge Døssland på nettstaden.

Forrige
Forrige

Jakob Sande i senioruniversitetet

Neste
Neste

Ein tur innom banken