Ein tur innom banken

Hin dagen hadde eg ei merkeleg oppleving. Å kalla det ei «nær døden»-oppleving, er vel å gå for langt, men at det er døden for banktilbodet vårt, vil eg sterkt vurdera å kalla ei sanning. 

På grunn av visse omstende var det slik at eg forvilla meg inn i eit banklokale på det lokale senteret. Det må vera minst eitt år sidan eg har gjort ei slik formasteleg handling. 

Vel inne i lokalet leita eg etter den gamle kølappmaskina. Seinare skjøna eg at noko slik innretning var heilt uinteressant i denne samanhengen. Eg blei ståande midt på golvet rådlaus. Ingen var å sjå bak skranken der eg hadde håpa å få hjelp. 

Etter kvart dukka det opp nokon eg kjenner. Me blei ståande og preika der midt i lokalet, medan banktilsette surra rundt oss utan å visa den minste interesse for om me hadde eit ærend å utføra. 

Eit kvarter gjekk. Me hadde ein triveleg samtale der på golvet. Nokre minuttar seinare hadde eg fått nok. Eg tok med meg papira mine og rusla ut i desemberkulda.

Lars Jostein
04.01.15

Forrige
Forrige

Første flyet i Uskedalen

Neste
Neste

Valemotiv med 115 års mellomrom