Gratis gjennom Halsnøytunnelen

Torsdag 5. september 2019 er ein gla’dag for bilistar, som sidan mars 2008, på sjølve Kvinnedagen har måtta betala bompengar for å køyra gjennom Halsnøytunnelen. No overtek staten bompengelånet på ca 120 mill kroner, og det blir gratis for den enkelte.

Dette bildet er frå august 2005 då startskotet gjekk på Opsanger. Ordførar Bjarne Berge (TS) blir intervjua av Innsida.no. Roy Vaulen (t.h.) var fotograf. (Foto: Geir Remme)