«Kvinnhersminne» med leik og alvor

Dei fleste bidragsytarane var samla under boksleppet i Uskedalen torsdag 10. september.

Kvinnherad Sogelag har kome med ei ny utgåve av Kvinnhersminne, den 19. i rekkja sidan 1982. I år er det ikkje noko raud tråd gjennom årboka, etter som skriftstyret valte å avvika frå tidlegare praksis med eit hovudtema. Bidragsytarane har nær sagt fått skriva om kva dei ville.

Mange av bidraga i 2019-utgåva handlar likevel mykje om det same; om det å veksa opp i tida før og etter andre verdskrigen. Vi får servert levande skildringar av aktivitetane barn og unge var opptekne av i ei tid der det ikkje var like stort fokus på materielle gode, som i dag.

Stoffet er dessutan samla og skrive av folk som ikkje reknar seg som profesjonelle skribentar. Mange bidragsytarar har likevel bidrege i tidlegare utgåver av Kvinnhersminne, og har såleis ei viss erfaring.

Lars Jostein Rørvik har vore redaktør for årets utgåve av Kvinnhersminne.

Skriftstyret med Lars Jostein Rørvik som redaktør har medvitne halde på same format og bokbunad som før om åra. Kvinnhersminne kjem ut annakvart år, og nytt denne gongen er at ungdommen slepp til. Solveig Haugland (20) har delt ei oppgåve ho skreiv frå utdanninga si, med tittelen «Korleis vart kvardagslivet i Uskedalen prega av andre verdskrigen».

18 artiklar med stor spennvidde

I orienteringa si til alle frammøtte på boksleppet i Uskedalen gamle skule, sa Rørvik at tittelen på årets hefte like godt kunne vore «Frå vikingtid til vår tid», slik Hans Nerhus valde å kalla boka si om Gravdal skipsbyggeri i 1955. Om ein ser på dei 18 artiklane i boka, så spenner dei vidt, frå Kaare Skaala, som skriv om «Den første leidangen» til Morten Nygård sin notids-artikkel frå Kjeldestøl, «Nytt liv på gamal seter».

Eva Eide frå Ølve fortel om barndom og oppvekst i Ølve.

Uskedalen har fått ein sentral plass i dette sogeskriftet, med heile fire artiklar frå tre bidragsytarar. I tillegg til Solveig Haugland har Audun Eik skrive om fiske med kjer i Uskedalselva. I samtale med onkel sin, Bjørgulv Eik, har han også skrive om tvangshogging av ved i krigsåra og om geitehald i 1940-åra.

Bygda Ølve er også godt representert i heftet, med fire artiklar skrivne av Eva Eide, Hans Bugge og Margaret Haugland. Mange vil òg lika og kjenna seg att i det Norvald Hauge skriv om oppvekst i ei brytningstid, frå den tida aluminiumindustrien kom til Husnes. Popgruppa The Boot Jacks dominerte dansemarknaden og var innom alle ungdomshusa i kommunen med musikken sin.

Utanom dette finn vi mellom anna interessante artiklar frå Halsnøy, Sunde og Utåker.

Salikat design i Rosendal med Åslaug Snilstveit har stått for formgjevinga. Bileta, som er amatørfoto, har på det jevne god kvalitet.

Kvinnhersminne nr 19 er lagt ut for sal i Rosendal Bokhandel og på Kvinnherad Libris, Husnes.

Tekst: Kristian Bringedal og Kristian Hus

Bøker, OrdKristian Hus