Bok om «skaparen» Magnar Reigstad

Snøggbåten «Sleipner» gjekk ned ved Store Bloksen mellom Haugesund og Stord for tjue år sidan, og i media har me dei siste dagane blitt minna om denne ufattelege tragedien, som ifølgje Lagmannsretten skuldast feilnavigering.

Magnar med torpedostuparen. (Teikning: Bjarte Agdestein).

Magnar Reigstad frå Halsnøy vart den gongen sentral i media, ved å hevda det motsette; nemleg at årsaka ikkje var feilnavigering, og at kaptein Sverre Hagland vart uskuldig dømd. Han hadde sin eigen teori om kva som hende, og hevda med styrke at han fann prov om bord i båten på dette. TV2 kom direkte med sjøfly og fekk stadfesta det Reigstad sa, noko som kom på TV same kvelden. 

Trass i dette vart han ikkje høyrd, og han fekk ikkje stilla opp i retten. Han meiner kapteinen vart dømd for at andre og meir ansvarlege personar skulle gå fri. Han frikjenner òg direktør Arne Dvergsdal i HSD, som han meiner var ein ryddig kar som ville ta ansvar, men som så, eller kanskje difor, vart fjerna frå selskapet.

Magnar Reigstad hevdar det same i dag, i minst like sterk grad, og om nokre dagar kjem boka om denne karen for sal hos bokhandlarar og frå forlaget Argusbok.

Tragediar

Gjennom boka fortel Magnar – som i 2007 vart landskjend gjennom TV2-programmet Skaperen, som oppfinnar av Torpedostuparen – om kor sterkt «Sleipner»-tragedien og andre tragediar til sjøs går inn på han. Her kan nemnast «Aleksander Kielland»-katastrofen, som det til vinteren er 40 år sidan. Og ikkje minst nesten-ulukka på Hustadvika tidlegare i år, der 1373 menneske var ei hårsbreidd frå nok ein tragedie.

Torpedostuparen er den suverent beste livredningsfarkost som nokon gong har vore testa. Likevel har ikkje denne kome i produksjon. Etter Hustadvika i år, der dagens livbåtar var totalt ubrukande, har Reigstad konstruert ein variant som vil kunna fungera sjølv under dei ekstreme tilhøva som rådde der. Men trass i at dei fleste fagfolk seier at oppfinninga hans er genial, vil ikkje nokon ta det i bruk. Magnar sjølv seier at cruisereiarane tenkjer meir på å berga pengane enn på å berga menneskeliv.

Boka startar med eit langt kapittel med mange morosame historier frå Magnar sin barndom og ungdom, rikt illustrerte av den eminente teiknaren Bjarte Agdestein. Halsnøybu han òg, men han er elles vel etablert i Oslo som ein animatør og teikneserieskapar av rang.

Nokre hugsar vel at Magnar lenge før Torpedostuparen vart landskjend gjennom den såkalla Klippe-aksjonen. For ikkje å nemna den gongen han gjorde opp med Tveita-gjengen i Oslo, heilt på eiga hand.

Skaut svartbjørn

Landskjend har han elles vorte mange gonger, kanskje somme hugsar han best for at han skaut verdas største svartbjørn i Canada. Eller at han ein gong gav rifla si til sjølvaste Fidel Castro, og at han fekk to øskjer med ekte Cohiba-sigarar som takk. Den eine har han framleis, og no er prisen på desse så høg at han vurderer å selja.

Som tidlegare flink båtkonstruktør og båtbyggjar, med både Halco og Klosterfjord på merittlista, skulle Magnar vera rett mann til også å designa redningsmateriell, som er det han er oppteken av i dag. Han meiner, i motsetnad til sjøfartsdirektøren, at redningsmateriellet til sjøs har blitt berre dårlegare etter «Sleipner»-forliset. Og han legg definitivt ikkje fingrane i mellom når han uttalar seg.

Boka burde vera fin julegåve til dei som seier dei har alt. For ei bok om eit slikt fyrverkeri av ein mann, har dei neppe!

Den delikate grafiske utforminga er gjort av Kristen Børje Hus. Han er ikkje heilt halsnøybu, men familien har i alle fall hytte her. Kristen Børje er frå Husnes, men etablert i Bergen med føretaket Multipleks Design.

Boklanseringa blir på Dill kafé på Halsnøy torsdag 6. desember. Der vil sjølvsagt hovudpersonen vera til stades. Unn deg gjerne ein komlemiddag på Dill først.

Arne Gjerde
Argusbok forlag

arne.gjerde@n-lt.no        






Forrige
Forrige

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske

Neste
Neste

«Kvinnhersminne» med leik og alvor