Honnør for Jonas Lie

Speidarar la ned krans og gjorde honnør for Jonas Lie på 17. mai.

Det er mangt ein kjem over når ein ryddar i gamle arkiv, og i skuffer og skap. Dette biletet er eit døme på det. Det viser speidarar på Husnes, som la på krans på støtta over diktaren Jonas Lie. I mange år var dette ein tradisjon om morgonen på 17. mai.

Jonas Lie var fødd i 1833 og kom med familien sin til Husnes i 1845, 12 år gammal. Då var far hans, Mons Lie, blitt sorenskrivar i Sunnhordland. Mange år seinare, då Jonas var reist ut for å studera, var han ofte tilbake til sorenskrivargarden på Onarheim. Her henta han inspirasjon til fleire av bøkene sine, er det fortalt.

Minnestøtta står i dag ved Opsangervatnet, ikkje langt frå Rundeholmen, der Jonas Lie trulova seg med Thomasine.

Han trulova seg med søskenbarnet sitt, Thomasine, på Rundeholmen, eller Jonas Lie-holmen i Opsangervatnet i 1853. Seks år seinare gifte dei seg, og i mellomtida hadde han teke juridisk embetseksamen. Paret fekk fem barn, kor av to døydde i ung alder.

Minnestøtta over diktaren har elles hatt eit omflakkande liv på Husnes. Ho har stått på kyrkjegarden, i vegkryset der det i dag er bygt rundkøring, ved samfunnshuset og no til sist, i Husnesparken.

Husnes Vel tok i 1975 initiativet til flytting av støtta frå vegkrysset til samfunnshuset.

Du kan lesa meir om Jonas Lie her


Forrige
Forrige

«Tjugandedags-Knut jagar jula ut»

Neste
Neste

Vintersolkverv