«Tjugandedags-Knut jagar jula ut»

Ord

Vekk med pynten for denne gong. Om vel 11 månader er det på’an igjen.

Tjuandedagen, eigentleg 20. dag jul, den 13. januar, blir av mange rekna som den siste juledagen. Tradisjonelt var det likevel trettandedagen som avslutta jula. Tjuandedagen kunne også vera gamle nyttårsdag i tråd med at trettandedagen blei kalla gamle juledag.

Etter forskyvinga som følgde av at ein gjekk frå den julianske til den gregorianske kalendar i 1700, var det mange som meinte at nyttåret kom tolv dagar for tidleg.

Tjuandedagen er elles knytt til ein dansk helgen, nemleg hertugen Knud Lavard. Han blei myrda av søskenbarnet sitt 7. januar 1131 og seinare kanonisert av paven. Han blei minna både på dødsdagen og tjuandedagen.

Det ser ut til at St. Knuts dag blei flytta frå 7. til 13. januar omkring 1700 på Austlandet. Nokre stader blei det sagt: «Tjugandedags-Knut jagar jula ut» og «Knut med sitt spjut jaga jula ut».

Sopelimer

Ut med treet etter 22 dagar. Tobias frå Oslo er «Tjugandedags-Knut».

Frå fleire kantar av landet blir det fortalt at ein markerte slutten på jula med å «jage den ut» med sopelimer. No skulle òg juleølet vera drukke opp. Presten Hans Jacob Wille i Seljord skriv at ein dansa jula ut, og så var det ute med julegleda. I Østerdalen åt ein rømmegrøt til dugurd. I Rana-distriktet hadde kvinnene sytt for at utrustninga til lofotfisket stod klar. No kunne dei ta seg fri og koma saman til kjerringjuldagen

Mange stadar var det visse typar grovarbeid som ikkje skulle utførast på trettande- og tjuandedagen. Tenerane skulle ikkje utføra anna arbeid enn det som måtte gjerast i fjøset.

Tjuandedagen blei også kalla avfaredagen, no var tida inne for at gjestene skulle reisa heim til sine daglege gjeremål.

På ein primstav som Wille har teikna, er tjuandedagen markert med ei bjølle, eit symbol på at julea skulle ringjast ut. Dette er neppe eit særleg gammalt primstavsymbol. Nokre primstavar har eit drikkehorn i vannrett posisjon, som teikn på at juleølet hadde teke slutt. Det vanlegaste symbolet på norske primstavar er ein halvsirkel med ruter, som ligg inn til ei loddrett line. Kanskje skal dette symbolet illustrera eit brot, som overgangen til eit nytt år jo var. Nokon stavar har eit merke som liknar ei sveiv, og noko av den same tankegangen kan liggja bak dette symbolet. Vanlege dagmerke er også eit tre eller eit kors.

I Romsdal heitte det at om det snødde på tjuandedagen, skulle det koma 20 snø-rier før sommardagen, 14. april.

Kjelde: Store Norske Leksikon.

Forrige
Forrige

Nok eit heimeår

Neste
Neste

Honnør for Jonas Lie