Snart innflytting i Panorama Senter

Ord
Coop opnar butikk i første høgda og i etasjane over er det tilsaman 18 leiligheter.

Coop opnar butikk i første høgda og i etasjane over er det tilsaman 18 leiligheter.

Det har teke berre 11 månader frå anleggsarbeidet byrja til dei første leilighetene og butikken på første plan kan takast i bruk i Panorama Senter på Husnes.

18. september skal Coop Haugaland opna daglegvarebutikk i første høgda, den femte i sitt slag her i bygda. Då byrjar også dei som har kjøpt leiligheter å flytta inn. Totalt er det 18 leiligheter i nybygget, men ikkje alle er selde så langt.

Heile prosjektet vil kosta opp mot 90 millionar kroner, fortel Knut Rune Fatland, som er utbyggjar og no også 100 prosent-eigar av Panorama Senter AS.

Forrige
Forrige

Lars Ivarsøy: Eterna Saudade

Neste
Neste

Vegg-avis