Kirsten beste norske kvinne i VM

Ord
(Foto: friidrett.no)

(Foto: friidrett.no)

Kirsten Marathon Melkevik (44) frå Husnes vart beste norske kvinne i verdsmeisterskapet i motbakkeløp i Italia søndag. Den tidlegare Trioløparen sprang til topps i den 8,4 kilometer lange løypa på tida 51,54 minutt, nærpå sju minuttar etter vinnaren.

- Eg er godt nøgd med konkurransen, og eg stod distansen. Spesielt med tanke på at eg ikkje hadde ei optimal oppkøyring etter sjukdom, seier Kirsten til friidrett.no.

Løypa i Toscana var annleis enn i andre meisterskap Melkevik har vore med i. Det fekk lagvenninna Merete Weng kjenna. Ho hadde ein hardare dag enn husnesjenta, og fekk det tungt i marmor-steinbruddet med tida 55,55 min. som heldt til ein 53. plass.

Forrige
Forrige

– Kva gjer du på, prest?

Neste
Neste

Drone-tur over Kvinnherad