Gammalt kraftverk skal restaurerast

Det første kraftverket på Valen vart bygd i 1910. No får det nytt tak og nye bjelkar. (Foto: Ann Steindal)

Det første kraftverket på Valen vart bygd i 1910. No får det nytt tak og nye bjelkar. (Foto: Ann Steindal)

Det gamle kraftverket på Valen frå 1910 skal restaurerast. Hordaland fylkesutval har løyvt 790.000 kroner til prosjektet.

Kraftverket er eit kulturminne som skal få nytt tak og nye bjelkar. Dette er det første kraftverket på Valen. Det gjekk ut av bruk i 1936 då nytt kraftverk vart teke i bruk. I 2008 vart dette erstatta av enno eit nytt kraftverk.

Det unike på Valen er at der ligg det tre kraftverk side om side, eitt i bruk og to som kulturminne. Kvinnherad vidaregåande skule nyttar kraftverket frå 1936.

Alle kraftverka er eigd av Hordaland fylkeskommune.

(Frå nettsida til Hordaland fylkeskommune)

Dei gamle turbinane med utstyr er kulturminne for ettertida.

Dei gamle turbinane med utstyr er kulturminne for ettertida.