Hardangerfjord Magasinet nominert til Gullsild

Ord
Hardangerfjord Magasinet presenterer mange fine bilete frå området.

Hardangerfjord Magasinet presenterer mange fine bilete frå området.

Det byrja som Kvinnherad-magasinet, seinare har Sigurd Vikøren i Prinfo Media i Rosendal endra namn på prosjektet sitt til Hardangerfjord Magasinet. Og no gler han seg over at bladet er blant dei nominerte til marknadsprisen Gullsilda. Det er Markedsforeningen på Haugalandet som deler ut prisen på sitt årlege arrangement for design- og reklamebransjen, der den beste marknadsføringa og visuell kommunikasjon i regionen skal kårast.

– Det er sjølvsagt ekstra triveleg når dei fremste i vår eigen bransje verdset produktet vi lagar, seier Vikøren. Uansett kor det går i Haugesund blir det ein kjempegod reklame for Hardangerfjorden, og landet rundt, meiner han.

Fredag 6. februar blir det stor festivitas på Rica Maritim Hotel med høg glamourfaktor, saman med heile fiffen i Haugesund. Det er litt stas, og som dei seier dei som blir nominert til Oscar; det er ei ære berre å bli nominert.

Forrige
Forrige

Vi skal få meir miljøvennlege ferjer

Neste
Neste

Trappesnakk