Skaut to av tre elgar

Marit Espeland fekk skyta to elgar ved Kongsberg.

Marit Espeland fekk skyta to elgar ved Kongsberg.

Marit Espeland frå Rosendal er ein ihuga elgjeger. Siste veka har ho vore i Promvika/Kolsjø ved Kongsberg og jakta ilag med åtte andre. Ho skaut to av tre elgar, den første ein 10-taggar.

Marit fortel i epost til Skimtvis.no at då jaktlaget skulle ta av skinnet på elgen viste det seg at han var skoten på frå før. Det er alvorleg kriminalitet å skyta etter dyr og ikkje fylgja dei opp med ettersøkshund, seier ho. Då Mattilsynet kom for å sjå på kjøtet, vart dyret underkjent og fekk dermed heller ikkje stempel.

Den andre elgen var ein liten 4-taggar under 130 kilo, men han vart ikkje vogen før etter to dagar. I mellomtida hadde jaktleiaren sikta på ein stor elgokse, men let han gå etter som det var tvil om laget hadde fleire oksar på kvoten sin.

Marit har no sendt skinnet frå ungdyret til garving. Det skal få vera sengeteppe i familiehytta på Vintertun ein dag, seier ho. Geviret har ho lagt i sjøen, så krabbane får eta seg mette.

OrdKristian Husjakt, elg