Tid for båtopptak

Ein stor krane løfter båtane på land.

Ein stor krane løfter båtane på land.

Sjølv om båtsesongen definitivt er slutt for dei fleste av oss, er det enno mange båteigarar som nyt fine dagar på sjøen. Ja, nokon held endåtil på vinteren igjennom.

Men vi andre lever på gode minne frå sommaren som var, og gler oss allereie til 2016-sesongen og fine turar rundt om i vårt nære eller meir fjerne farvatn.

Ved Larsstø Båt & Maskinservice på Halsnøy er det hektiske dagar for tida med opptak og service på båtar frå heile Sunnhordland som har tinga plass for vinterlagring. Båtane blir plasserte på rekke og rad i ein av dei to lagringshallane ved verksemda. Totalt er der 1000 kvadratmeter til disposisjon for båteigarar som føretrekkjer å ha båtane sine annandørs om vinteren. 

Storleiken på båtane varierer frå 17 til oppi 40 fot, fortel dagleg leiar Lars Kåre Sjo til Skimtvis. Han reknar med å gje plass til godt over 40 båtar frå heile distriktet komande vinter. 

Verksemda sysselset per i dag åtte personar.