Vil ikkje sitja på aldersheimen og stura

Bjarne Enæs er ein av dei som er med i boka. (Foto: Kristen Børje Hus)

– Du er ein «trollmann» med skrivarhanda du, Kristian, skriv ein lesar på Facebook om boka vår, Godt vaksen, som no er i sal fleire stader i Kvinnherad. Han legg til: Denne boka blir årets julegåve!

12 eldre kvinner og menn, alle over 90 år, fortel om livet sitt frå tidlege barneår til dei no er komen til skils år og alder. Dei filosoferer også om det uunngåelege for oss alle; slutten.

Nye generasjonar vil venteleg ha glede av å lesa om korleis besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen i Kvinnherad har hatt det gjennom oppveksten sin – og om kva tankar dei har om livet rundt seg i dag.

Boka er no tilgjengeleg i følgjande bokhandlarar og andre salsstader i Kvinnherad kommune:

  • Libris Kvinnherad, Husnes

  • Rosendal bokhandel

  • Spar Uskedalen

  • Spar Sæbøvik

  • Fjelberg Landhandel

  • Spar Hatlestrand

  • Nærbutikken i Åkra

Vi ser helst at du kjøper boka ein av desse stadene. Om du ikkje bur i Kvinnherad, eller av andre grunnar ynskjer å få sendt boka til deg i posten, kan du tinga ho her, eller du kan senda ein e-post til kristian.hus@knett.no. Prisen for boka er kr 350,–. Porto kjem i tillegg (kroner 70,– i Noreg for éit eksemplar).

Du kan betale på følgande måtar (sei i frå korleis du vil gjera det):

  • Bankoverføring, tilsendt faktura på e-post eller post

  • Vipps til 970 24 312 (Kristen Børje Hus)

  • I Kvinnherad: Kontant til Kristian Hus

  • I Bergen: Kontant eller med kort til Kristen Børje Hus

Les meir om boka her.

(Foto: Kristen Børje Hus)

Forrige
Forrige

Vi er blitt eldre

Neste
Neste

Ridetur