Historisk seminar under kulturfestivalen

Ord
Husnes før og no er tema på seminaret. (Foto: Geir Remme)

Husnes før og no er tema på seminaret. (Foto: Geir Remme)

Husnes før og no – frå bondesamfunn til industrisamfunn

Under kulturfestivalen på Husnes 12. – 15. februar arrangerer Kvinnherad Senioruniversitet og Kvinnherad sogelag historisk seminar i kulturhuset om fredagen. Det blir eit spennande og informativt seminar, der ein ser tilbake på utviklinga frå gamal tid fram til i dag og litt på visjonar for framtida.

Seminaret startar med føredrag av Tor Bringedal, der han tar for seg Husnessamfunnet før SØRAL. Husnessamfunnet i denne samanheng betyr Husnes sokn, med andre ord bygdene Sunde, Husnes og Bringedalsbygda.

Hovudvekta i føredraget vil liggja på utviklinga etter 2. verdskrigen og fram til SØRAL-vedtaket i  1962. Men det vil òg bli trekt nokre trådar lengre tilbake for å få sett husnessamfunnet inn  i ein større samanheng.

Sentrale tema er Sunde som sentrum, Kvinnherad i bakleksa, kraftutbyggjing, kommunegrenser, skuleutvikling, frå bygdelister til politiske lister og bakgrunnen for etableringa av SØRAL.

Gammal NRK-film

Også ein film som NRK tok opp i 1964 vil bli vist. Der får vi høyra korte intervju med blant andre ordførar Berge Seberg, arkitekt Erling Skorve, familien Keppler, Torbjørn Frøystein, Gunnar Røsseland, Alfred Blokhus, Erling Helland og nokre tilflytta arbeidarar.

Filmen viser òg tidsbilete, til dømes frå varemottak og frå interiør i butikken til K. Øvrevik. 

Vidare følgjer filmen ein del av dagleglivet til familien Vik, og viser glimt frå skuleslutt med ungane, som kjem ut av Undarheim gamle skule og frå når arbeidarane går på og av skift.

Etter ein god lunsj vil redaktør i Kvinnheringen, Tomas Bruvik leia panaldebatt om kva utviklinga frå bondesamfunn til industrisamfunn har hatt å seie for utviklinga på ulike samfunnssektorar. Her vil det bli innlegg av Asgeir Rusten om skulesektoren, Svein Ingvald Opdal om sosiale tilhøve, Ørjan Normann om oppvekst og arbeidsforhold, Gretha Rød om arkitektur og av Kent Are Kjørsvik Petterson, leiar i Husnes Vekst om framtidsvisjonar.

Det vil bli musikalske innslag, munnspel og piano ved Hans D. Gertz og Lars Magne Sjo, medan Egil Vaage vil spela på fele.

Grethe Brundtland
Kvinnherad Senioruniversitet

Forrige
Forrige

Fredagskommentar

Neste
Neste

Fullmånetur