Beste friluftsblinkskot i 1. kvartal

Motiv frå Etlådne stakk av med sigeren i første kvartal. Fotograf er Ketil Skjolde frå Tysnes.

Motiv frå Etlådne stakk av med sigeren i første kvartal. Fotograf er Ketil Skjolde frå Tysnes.

2015 er friluftslivets år og i det høve har Samarbeidsrådet for Sunnhordland invitert til ein konkurranse om årets beste turbilete. Det skal kårast ein vinnar i kvartalet, som går vidare og kan bli kåra til «Årets bilete».
Vinnar av første kvartal blei Ketil Skjolde frå Tysnes. Hans bilete er teke frå hytta til Sunnhordland Kraftlag ved masta på Etlådne, den nest høgaste fjelltoppen i Tysnes. I bakgrunnen ser vi Ulvanósa, Englafjell og Mannen i Kvinnherad.

Juryen har i vurderinga si lagt vekt på at biletet speglar årstida, fangar augneblikket og har gode linjer. Biletet syner òg mektige fjell i Sunnhordland og at det også er moglegheiter for ekstremsport i regionen.
Ordførar Ruth Eriksen, Sveio, informasjonssjef Simon Knutsson Sortland, Bømlo, leiar i Stord/Fitjar Turlag, Gerda Øen og dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde utgjer juryen i konkurransen.