Om fotball – og mangel på interesse

Eg har kjekke born, grei og snill kone og annan omgangskrins rundt meg. Me møtest både i kvardag og fest. Ja, me møtest til dei mest utrulege tider. Og no er eg snart ved poenget.

Mest alle dei eg har nemnt ovanfor lir av same «sjukdommen». Dei er nemleg ikkje interesserte i fotball! Dette kan føra til dei forunderlegaste situasjonar i heimen vår. Her har eg ofte gått med magasug og småskjelving i dagevis, og venta på at klokka skulle bli 18.00 på søndagane. Så plutseleg ringjer det på døra, og inn kjem ein eller annan av desse eg før har nemnt. Dei lest som ingenting, eller så er dei heilt desorienterte. Stikk nasa innom fjernsynsstova og spør. Er det fotballkamp?

Fotballkamp, for søren! Det er ikkje berre ein fotballkamp. Her har eg lada opp, prøvd å få kvilepulsen ned i 100, og så kjem spørsmålet som får han opp att i 120. Det er Brann som spelar, seier eg. Laget med stor L. Dei forstår ikkje problemstillinga, ruslar inn til kaffibordet som om ingenting hender.

Eg må innrømma at det er med ein viss motvilje eg beundrar denne ignoransen for eit av dei viktigaste tinga i livet.

Lars Jostein
28.01.15.

Forrige
Forrige

Festivalbygdene – der folk trivst

Neste
Neste

20-årsminne